Sjekk ut den bokstavelig talt svevende musikkvideoen til fine og rene låta Basic Frequency av Karolinsk, som slippes denne natta til fredag den trettende.
Foto: Karoline Hegrenes
─ Eg likar å gjenskape musikk ved å ta opp lydar ute i verda, som dåke får høyre på albumet mitt som kjem i begynnelsen av neste år. Der er det opptil fleire låtar med ulike stedsnavn; fordi eg faktisk var der og tok opp lydane, og har laga musikk av dei.
Fet låt veldig passende til nerdete elektroniske nattelskere
─ Basis Frequency er laga på lydar frå både Hegreneset, Damsgård i Bergen, St. Petersburg, og Voss. Det er ei drømmande, tidløs låt, stille låt. Den ligg der berre i bakgrunnen. Mykje luft, svevande. Tydelig inspirert frå flyging, for det har eg dreve med sjølv i 9 år. Difor har eg valgt å sette den sammen med video frå landslaget i fallskjermhopping, for dei representerer Dub Techno veldig godt.
─ Eg er fascinert over kor stille man kan få musikken, og kor lite lydar man trenger for å kunne lage ei låt. For mykje lydar kan fort bli støy, eg likar å halde det reint, sier Karoline Hegrenes som står bak alt sammen.
[iframe src=»https://www.youtube.com/embed/4KJMNEx8DpM» frameborder=»0″ allowfullscreen></iframe><iframe width=»560″ height=»250]
[iframe src=»https://open.spotify.com/embed/album/1ikzwHOaUmqeJqTSOHRoTw» width=»560″ height=»150″ frameborder=»0″ allowtransparency=»true»></iframe]
Vær den første til å kommentere